Hopp til innhald

Eikanger-Bjørsvik Musikklag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eikanger-Bjørsvik Musikklag er eit brassband frå Nordhordland. Brassbandet blei stifta i 1971, gjennom ei samanslåing av Eikanger Musikklag og Bjørsvik Musikklag. Musikklaget har sidan blitt eit av dei leiande ensembla i brassband-Noreg, og vunne fleire konkurransar både nasjonalt og internasjonalt.

Dei vann NM for brassband første gong i 1981. Deretter i 1985, 1987, 1988, 1991, 1993, 1999, 2001, 2005, 2008, 2009, 2011, 2012, 2013, 2014, 2016, 2017, 2018, 2019 og 2023. I 1988 og 1989 vann EBML europameisterskapen som første ikkje-britiske korps.[treng kjelde] I 2017 gjentok dei bragda i Oostende. Dei har 19 sigrar i underhaldningskonkurransen Siddis Brass og to triumfar i TV-konkurransen Resonans.[treng kjelde] Korpset er det mestvinnande korpset i Noreg.

Korpset arrangerer sin eigen konsertserie med 3-4 konsertar i Bergen kvart år. I serien har dei nytta dirigentar som Elgar Howarth, Howard Snell, Ingar Bergby, Bjarte Engeset, Peter Szilvay, Bramwell Tovey, Trond Korsgård, Andreas Hansson, Phillippe Bach og Nicholas Childs.

I 2002 framførte dei Lux Aeterna med dansekompaniet Carte Blanche under opningsførestillinga av Festspillene i Bergen. Balletten var koreografert av Jo Strømgren. Framsyninga var òg sett opp i Sandnes i Rogaland og under Olavsdagene i Trondheim same år. Eikanger-Bjørsvik har vore på programmet i Festspillene i Bergen, Vossajazz, Autunnalen – festival for ny musikk, Borealisfestivalen, BrassWindfestivalen, Dei Nynorske Festspela, Nordiske Mediedager i Bergen, Innsbrucker Promenadenkonzerte og Saddleworth Festival of Music and Arts.[treng kjelde]

EBML har ofte samarbeid med ulike norske og internasjonale solistar. Nokre av desse er Ole Edvard Antonsen, Bjørn Tomren, Lydia Hoen Tjore, Rita Eriksen, Rune Larsen, Mathea-Mari, Håkon Hardenberger, Marius Hesby, Jan Magne Førde og Tine Thing Helseth.

Korpset har jamnleg festkonsertar på ulike konkurransar, m.a. Europameisterkapet for brassband, NM Brass, NM skulekorps, SIDDIS, Svenska Brassbandfestivalen og Aalborg Musikkonkurrence.

Plateinnspelingar

[endre | endre wikiteksten]

EBML gav ut sin første LP i 1981; den heitte Norgesmeister 1981. I 1985 gav dei ut kassetten Go for Gold. I 1990 kom den første CD-en, Light.

Gjennom samarbeid med Elgar Howarth, Ray Farr og Howard Snell gav EBML ut fleire plater på Doyen-labelen på 1990- og 2000-talet.

I 2003 gav Eikanger-Bjørsvik ut cd-en Art of the States, i 2005 Tales & Stories. Det var den 11. og 12. plateinnspelinga i korpset si historie og var milepålar: For første gong var all musikken arrangert og tilrettelagd av medlemer i korpset sjølv, arrangert av EBML-musikarane Frode Rydland, Svein H. Giske og EBML-dirigent Reid Gilje. I 2006 gav EBML ut 20 Supreme Years med Howard Snell og Chatham Dances med Elgar Howarth.

I 2010 gav korpset ut plata Romeo og Juliet på plateselskapet Naxos. Dirigent her var Bjarte Engeset.

Jula 2012 slapp korpset plata "Ei julereise med Eikanger-Bjørsvik Musikklag". Plata hadde gjesteartistar som Christine Guldbrandsen, Erik Røe, og Gabriel Fiflet.

Juni 2014 gav EBML ut "John Pickard: Gaia Symphony - Eden" på det svenske plateselskapet BIS. Dirigent her var Andreas Hansson.

I 2020 og 2022 var EBML med på Noteservice sine demoinnspelingar. Her spelte korpset inn brassbandstykkene frå den komande haustens korpskatalog, medan Sjøforsvarets Musikkorps spelte janitsjarstykkene.

Forutan Noreg har korpset turnert i England, Skottland, Wales, Danmark, Sveits, Nederland og Belgia.

Rekruttering

[endre | endre wikiteksten]

Kvar sommar inviterer Eikanger-Bjørsvik skulekorpsungdom til Feriespel, tre dagar med undervisning, leik og moro. Ved siste samling var meir enn 100 musikantar på plass, delt opp i tre aldersdelte korps.

I 2020 overtok EBML Hordaland Ungdomsbrassband (HUBB), etter drifta blei lagd ned av grunnleggjarane. Her er omlag 40 ungdomar frå regionen samla fleire gonger i året med ulike dirigentar.

I tillegg er også korpset ofte involvert i instrumentaldagar og inspirasjonsseminar rundt i landet.

Tidlegare arrangement korpset har stått bak, er EB-junior, EB-Super, EB-Mini og EBML Talent.

Sponsorsamarbeid

[endre | endre wikiteksten]

EBML innleia eit sponsorsamarbeid med Forbundet for Ledelse og Teknikk i 1999. I mars 2010 vart samarbeidet forlenga for fire nye år.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]