Eilean Liubhaird

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eilean Liubhaird
Geografi
Eilean Liubhaird is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°0′ N 6°26′ WKoordinatar: 58°0′ N 6°26′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 1,25 km²

Høgaste punkt 76 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Eilean Liubhaird eller Eilean Iubhard er ei øy i Ytre Hebridane aust for Lewis, i Skottland.

Eilean Liubhaird

Berggrunnen på øya er gneis. Øya har ei avlang form med mange viker på sørsida. Ho ligg utfor landsbyen Lemreway på Lewis og gjev denne ly for vêr og vind.

Det er to toppar på kvar side av øya, med noko lågare land i mellom.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stadnamnet Dùnan på sørsida kan syne til ei lita festnings som kan ha vore her i eldre tider. Sjølv om Haswell-Smith skriv at namnet tyder «barlindøya»,[1] tyder overvekta av norrøne namn i Ytre Hebridane på at den andre stavinga Iubhard kan vere ei forvrenging av fjord/firth.

Den skotske presten Donald Monro (eller Munro) (1550-1575), som har gjeve ei historisk verdfull skildring av Hebridane og andre skotske øyer, vitja denne øya i 1549 og skreiv «enger og sommarfjøs med god høve til jakt på oter når dei er ute av gangane sine».[1]

Den 4. mai 1746 gøymde jakobitten prins Charles Edward Stuart (òg kjend som Bonnie Prince Charlie) seg på øya med nokre av mennene sine. Skipa til Royal Navy patruljerte the Minch på denne tida. [1]

Tidleg på 1800-talet levde det fem familiar på øya. Seanna-Bhaile (som tyder «gamlebyen») var den største grenda.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.