Einar Løndal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einar Løndal

Fødd28. februar 1914
Død23. januar 2006 (91 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Einar S. Løndal, (28. februar 191423. januar 2006), var ein norsk spelemann frå Tuddal i Telemark. Han var son av Svein Løndal og yngre bror av Kjetil Løndal og Olav Løndal.

Einar S. Løndal tok til med fela heller seint, men då han først byrja, om lag ved konfirmasjonsalder, kom slåttane snøgt, fortalde han. Han hadde høyrt mykje spel frå barneåra, både frå faren Svein, og frå dei eldre brørne Olav og Kjetil. Det meste av spelet var etter faren. Saman med faren og brørne forma han ut det sermerkte Løndalsspelet som eiga tradisjonsgrein i Telemark.

Einar vart bufast i Tuddal livet ut, på garden Sletta, som han gifta seg til, i Hovdegrenda i Tuddal. Etter at brørne hans døydde, var Einar Løndal den store tradisjonsberaren i dalen, og vart oppsøkt av mange yngre folkemusikarar, mellom dei Anne Hytta og Per Anders Buen Garnås. Spelemannen Nils Sletta har og mesteparten av stoffet sitt etter Einar.

Einar S. Løndal var ein god kappleiksspelemann og vann ei rekkje gonger. Han sermerkte seg med eit meir atterhalde spel enn broren Kjetil, og er kanskje mest kjend for framføringa si av gangaren Førnesbrunen. Han var aktivt med i kappleikslivet så lenge han evna det, og spela til han var over nitti år. Han synte stor interesse for dei yngre spelemennene, og han var ihuga til stades for å lye på dei. Då landskappleiken vart halde på Rauland i 1994, stod han framfor scena for å få med seg så mykje som mogleg av spelet i hardingfeleklassene, og var ein takksam tilhøyrar.

Hardingfeleverket har registrert 13 slåttenedskrifter etter Einar S. Løndal.