Einar Niemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Niemi
Fødd16. september 1943
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, historikar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Einar Niemi (fødd 16. september 1943) er ein norsk historikar og professor ved UiT Noregs arktiske universitet.

Niemi er fødd i Nord-Varanger og vaksen opp i Vadsø. Han vart utdanna cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1972. Niemi var lektor ved Vadsø gymnas (1972-75), amanuensis i historie ved Universitetet i Tromsø (1975-77) og seinare professor (1989-) og styremedlem, og var fylkeskonservator i Finnmark (1977-89). Han har publisert arbeid innan migrasjons-historie, minoritets- og etnisitet-historie og regionalisme rundt Nordkalotten; sjå òg pomorhandel. I 2003 vart Niemi kjent for å ha funne opphavet til omgrepet «Nord-Noreg».

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Et utdrag av hans publisering:

  • Trekk fra Nord-Norges historie, hovudforfattar, 1976
  • Den finske fare. Sikkerhetsproblemer og minoritetspolitikk i nord 1860-1940, med Knut Einar Eriksen, 1981
  • Vadsøs historie, 1983
  • Norsk innvandrerhistorie, to bind. 2003

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Brageprisen 2003, for Norsk innvandringshistorie
  • Gad Rausings pris, for framstående forskergjerning, Det Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien