Einar Schibbye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Einar Schibbye
Fødd 29. oktober 1900
Død

15. september 1959

Yrke journalist

Einar Schibbye (fødd 29. oktober 1900 i Kristiania, daud 15. september 1959) var ein norsk kringkastingsmann og kriminalforfatter.

I 1920-åra gav han under pseudonymet Ivan Kanonikoff ut fleire kriminalromanar som parodierte Øvre Richter Frich sine bøker om Jonas Fjeld.

Schibbye vart tilsett som programsekretær i NRK i 1933. Han var ifølgje Hans Fredrik Dahl i boka Dette er London. NRK i krig 1940-1945, Oslo 1979, s. 301, en av institusjonens mest skapnede hode.

Schibbye vart først og fremst kjend som «onkel Einar» i Barnetimen. Historiene om onkel Einar, Oscar og Spisskammeret, eller møta mellom onkel Einar, Kallemann, Amandus og tane Amalie (dei siste figurane var skapt i samarbeid med Sverres Erichsen i Schibbyes NRK-periode i Bergen) vart institusjonar i radioen før den andre verdenskrigen.[1]

Schibbyes fantasi tok med borna ut på eventyr med dei mest utrulege plot, gjerne med eit visst teknologisk preg. Med sin personlege leiing, faste innslag og talrike ukonvensjonelle sett å aktivisera lyttarane på, gjorde Schibbye barnetimen til eit av dei beste magasinprogramma i 1960-åra.

I 1938 stod han for aprilspøken Papegøyeutstilling på NRK radio.

NRKs reklamefilm Frå mikrofon til høyttalersom vart spilt inn hausten 1940 etter eit manuskript av Schibbye. Erik Lund var regissør/fotograf.[2]

Under andre verdskrig vart han medlem av Nasjonal Samling.

I 1942 vart Schibbye utnemnd til direktør for Oslo kommunale kinematografer.[3]

Han hadde skrive fleire små sketsjar og hørespill for born, både før og under krigen og vart ein av dei forfattarane som vart stengd ute etter freden i 1945, men fekk oppført hørespill i 1950-åra.

Etter krigen var han i fleire år ikkje ynskte i kringkastinga på grunn av sit politiske val under krigen. Men ut på 1950-talet slapp han til med radiohørespill. Han medverka òg på dei populære barneplatene med Doffen (spelt av Einar Sissener), utgjeve av Norsk Grammofonkompani A/S.

Bibliografi (i utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1925: Melodien til alkoholen. Storforbryderroman (under pseudonymet Ivan Kanonikoff)
  • 1927: Paa bunden av Skagerak ( under pseudonymet Ivan Kanonikoff)
  • 1949: Hvem kysset Victoria? (kriminalroman)
  • 1948: Den siste natten (under pseudonymet Sandar Sim)
  • 1946: Lugar nr 36 (kriminalroman, under pseudonymet Sandar Sim)
  • 1938: Onkel Einar og Spisskammeret og Truls (barnebok)
  • 1937: Onkel Einar og Oscar i studio (barnebok)
  • 1934: Kallemann og Amandus (barnebok)

Krimhørespill[endre | endre wikiteksten]

  • 1954: Mord for åpen mikrofon (Seks deler)
  • 1958: Jeg vil vite hvem jeg er (Seks delar)
  • 1959: Rødt mysterium (Seks deler) Første gong sendt på NRK: 1959

Andre hørespill[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hallo Hallo
  2. Dette er London.
  3. BBC London 13. mars 1942