Einbeck
Utsjånad
| Einbeck | |||
| by | |||
Torg i Einbeck, med den evangelisk-lutherske kyrkja St. Jacobii. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Niedersachsen | ||
| Areal | 231,92 km² | ||
| Folketal | 30 725 (31. desember 2023) | ||
![]() Einbeck 51°49′00″N 9°52′00″E / 51.816666666667°N 9.8666666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Einbeck | |||
Einbeck er ein by i Northeim-krinsen, i sørdelen av delstaten Niedersachsen i Tyskland. Kommunen Einbeck har eit areal på 166 km², og vel 30 000 innbyggarar. Om kring 15 000 menneske bur i bykjernen, resten bur i 31 landsbyar og grender.
Byen ligg der elva Ilme renn ned i den større elva Leine.
Næring
[endre | endre wikiteksten]Einbeck er kjend som heimstaden til Einbecker Bier, eit øl som har vorte brygga i over 600 år og som vert rekna som det opphavlege bokkølet. Eit verdsomspennande planteforedlingfirma, KWS Saat, har hovudkontoret sitt i byen.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Den norske Tysklandsbrigaden låg i garnison i Einbeck fram til våren 1953.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Einbeck» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2012.
