Bokkøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bokkøl er den norske nemninga på eit fyldig, mørkt og maltrikt, undergjæra øl. I dei fleste land nyttar ein nemninga bock. Alkoholinnhaldet ligg oftast over 6 %.

Opphavet til bokkølet skal ha vore i hansabyen Einbeck ved Hannover, der bryggeriet skilter med nemninga ur-bock. Seinare skifta tyngdepunktet for bock til München.

Nemninga bock stammer frå det gamle bayerske namnet 'Ainpöck' på byen Einbeck, som seinare vart til 'Oanpock' sidan til 'Poeck' og til sist 'Bock'. Bock forbind ein likevel mest med Bayern, sidan det er den bayriske utgåva av øltypen som det oftast blir referert til.

Bokkøl er som regel særs mørkt på farge, men i Tyskland blir det òg brygga fleire lysare sortar. Bokkøl har ein alkoholstyrke på minst 4,8 %. Fleire norske bryggeri brygger bokkøl med ein alkoholstyrke på 6-7 %. I Tyskland blir det òg brygga eit endå sterkare doppelbock.

Bokkøl er særs mektig og har gjerne ein karakteristisk karamellsmak på grunn av malten. Det egner seg utmerkt som drikke til søt mat og dessertar, som eit alternativ til portvin eller søt dessertvin.

Bockbier[endre | endre wikiteksten]

I Tyskland går bockbier under starkbier, som svarar til ein alkoholprosent på 6%.

Bockbier blir brygga året rundt, men det finst sesongøl som weihnachtsbock (julebock) og den lyse og maibock – òg kalla helles bock - som har ein meir utprega humlesmak.

Doppelbock[endre | endre wikiteksten]

Doppelbock eller double bock er ein spesialitet frå Bayern, som vart brygga for første gong 27. mars 1587 av munkane frå Paulanerordenen.

Les meir[endre | endre wikiteksten]