Eininga lea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lea er ei eldre måleining for garntjukkleik eller garnnummer, særskild nytta for lingarn. Han syner til kor mange hespar på 300 yards (274 meter) som veg eit britisk pund eller 0,454 kg.

I dag nyttar ein i staden lengdetettleiken til garnet, målt i tex, der 1 tex er 1 gram/kilometer. Viss garnnummeret er n lea er lengdetettleiken 1657/n tex.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holtebekk, Trygve. (2009, 14. februar). Lea. I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/la.