Ekelöf Point
Utsjånad
Ekelöf Point | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | James Ross Island | ||
- koordinatar | 64°14′S 57°12′W / 64.233°S 57.200°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Ekelöf Point 64°14′00″S 57°12′00″W / 64.23333333°S 57.2°W | |||
Ekelöf Point er eit høgt nes som ligg,5 nautiske mil sørvest for Cape Gage og markerer nordsida av innløpet til Markham Bay på austsida av James Ross Island. Det vart oppdaga og kartlagd av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld, 1901–04, som namngav det «Kap Ekelof» etter dr. Eric Ekelof, som var militærlege på ekspedisjonen. Det vart kartlagd på ny av Falkland Islands Dependencies Survey i 1953. Point vart rekna som ei meir høvande skildring av neset enn kapp.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ekelöf Point». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ekelöf Point» (innhald frå Geographic Names Information System).