Eksersis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppvisningseksersis i den amerikanske hæren

Eksersis syner til militær opplæring, militærteneste eller våpentrening. Det er ei innøvingsform som består i stadig repetering av det same handlingsmønsteret. Eksersering vert til dømes nytta under parademarsjar.

Eksersisen har til oppgåve å lære soldaten riktig bruk av våpen og for å kunne lære alle rørsler i ein tropp, som ein må kunne nytte i strid. I tillegg lærer soldaten disiplin.

Ein ekserserplass er ein stad der ein driv med slike øvingar.

Dei gamle grekarane og særleg spartanarane, som var utmerka soldatar, ekserserte mykje. Det same gjorde romarane, som kalla hærane sine exe'rcitus, det vil seie «ein krigsøvd skare». I mellomalderen kjempa kvar og ein soldat for eiga rekning, og det var først mot slutten av perioden at Karl den modige og Ludvig XI sine hærar innførte eksersis. Då ein innførte ståande hærar kom eksersisen til sin rett, og krava til eksersis har auka enno i meir i dag, då tenesta til soldaten er kort, men krava til dei veldig høge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]