Ståande hær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein ståande hær er ein hær er ein hær som består av fulltidssoldatar, som «står over», altså som ikkje vert sendt heim i fredstid. Dei skil seg frå ein militærreserve, som berre vert aktivert under krig eller naturkatastrofar. Ståande hærar er som regel betre utrusta, betre trente og betre førebudd for krisesituasjonar, avskrekkingsforsvar eller for krigssituasjonar.[1]

Den ungarske kongen Matthias Corvinus hadde ein ståande hær frå 1460-talet kalla Fekete Sereg, som var ein uvanleg stor hær på denne tida, og som vann ei rekkje slag og erobra delar av Austerrike, Wien (1485) og delar av Böhmen. Den første «moderne» ståande hæren i Europa var janitsjarane til Det osmanske riket oppretta på 1300-talet.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Garry Wills (1999). A Necessary Evil, A History of American Distrust of Government New York, NY; Simon & Schuster. ISBN 0-684-84489-3
  2. Lord Kinross (1977). Ottoman Centuries: The Rise og Fall of the Turkish Empire. New York: Morrow Quill Paperbacks, 52. ISBN 0-688-08093-6.
  3. Goodwin, Jason (1998). Lords of the Horizons: A History of the Ottoman Empire. New York: H. Holt, 59,179-181. ISBN 0-8050-4081-1.