Eksklusjonsdiagnose
Ein eksklusjonsdiagnose eller «diagnose per exclusionem» er ein diagnose som vert nådd gjennom ein eliminasjonsprosess, og kan mellom anna brukast i tilfeller der sikker stadfesting ikkje kan gjerast med eksaminasjon eller testing.[1][2] Slike eliminasjonar av ulike fornuftige moglegheitar er ein viktig komponent i differensialdiagnosar.
Den største kategorien av ekslusjonsdiagnosar finn ein blant psykiatriske lidingar, der fysisk eller organisk sjukdom må utelukkast før ein kan setje ein funksjonell diagnose. Eksklusjonsdiagnosar plar å førekome på områder der vitskapleg kunnskap er manglande, og særleg der objektive metodar for å stadfeste ein diagnose er fråverande. Når ein spesifikk diagnose ikkje kan stadfestast kan det vere nyttig å utelukke dei gruppene av kjente årsaker som kan føre til ein tilsvarande klinisk presentasjon.
Dømer
[endre | endre wikiteksten]Eit døme på slike diagnosar er «febrar av ukjende årsaker»: for å forklare den auka temperaturen må dei vanlegaste årsakene utelukkast, nemleg infeksjon, neoplasi og kollagen vaskulær sjukdom (bindevevssjukdom).
Andre dømer inkluderer:
- Polycytemi[3]
- Behçets sjukdom[4][5]
- Perifer facialisparese[6] (Bells parese)
- Schizofreni[7][8]
- Tolosa-Hunt syndrom[9]
- Irritabel tarm-syndrom[10][11][12]
- Ny dagleg vedvarande hovudverk (NDPH)
- Krybbedød[13][14]
- Brennande munn-syndrom[15]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Diagnosis of exclusion» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2014.
- ↑ H. Vorland, Lars (23. januar 2009), «ME – en sykdom som krever nytt tilbud», Direktørens fredagsbrev (Helse Nord RHF), arkivert frå originalen 8. oktober 2013, henta 27. desember 2014
- ↑ Landmark, Live (22. desember 2011), «Når de livløse våkner», Erfaringskompetanse (Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse), henta 27. desember 2014[daud lenkje]
- ↑ A. Evensen, Stein (13. februar 2009), «polycytemi», Blodsykdommer (Store Medisinske Leksikon), henta 27. desember 2014
- ↑ Aftøse munnsår, Legevakthåndboken, henta 27. desember 2014
- ↑ Behcet Disease: Overview - eMedicine Dermatology, henta 28. mars 2009
- ↑ Petruzzelli GJ, Hirsch BE (August 1991). «Bell's palsy. A diagnosis of exclusion». Postgrad Med 90 (2): 115–8, 121–2, 125–7.
- ↑ Ørbeck, Beate (2008), Selektiv mutisme hos barn, Tidsskrift for Norsk Psykologiforening, henta 27. desember 2014
- ↑ Freudenreich, O (Desember 2012). «Differential Diagnosis of Psychotic Symptoms: Medical "Mimics"». Psychiatric Times. Arkivert frå originalen 4. juni 2013. Henta 27. desember 2014.
- ↑ Kwan ES, Wolpert SM, Hedges TR, Laucella M (February 1988). «Tolosa-Hunt syndrome revisited: not necessarily a diagnosis of exclusion». AJR Am J Roentgenol 150 (2): 413–8.
- ↑ L. Waldum, H. (10. februar 2002), «Legemiddelbehandling av irritabel tarm-syndrom», Legemidler i praksis (Tidsskrift for Den norske legeforening), henta 27. desember 2014
- ↑ Cash BD, Chey WD (Juni 2004). «Irritable bowel syndrome - an evidence-based approach to diagnosis». Aliment. Pharmacol. Ther. 19 (12): 1235–45.[daud lenkje]
- ↑ Cash BD, Chey WD (Desember 2003). «Advances in the management of irritable bowel syndrome». Curr Gastroenterol Rep 5 (6): 468–75.
- ↑ Straumsheim Grønli, Kristin (8. oktober 2003), Babyer bør sove i egen seng, Forskning.no, henta 27. desember 2014
- ↑ Svendsen, Margrethe (2008), «Påvisning av Helicobacter pylori hos nyfødte og spedbarn. Hva er smitteveien og kan bakterien være av betydning ved krybbedød?» (PDF), Medisinske Fakultet (Universitetet i Oslo), henta 27. desember 2014
- ↑ Maltsman-Tseikhin, A; Moricca, P; Niv, D (Juni 2007). «Burning mouth syndrome: will better understanding yield better management?». Pain practice : the official journal of World Institute of Pain 7 (2): 151–62.