Differensialdiagnose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein differensialdiagnose (stundom forkorta DDx, ddx, DD, D/Dx eller ΔΔ) er ein systematisk diagnostisk metode som vert nytta for å identifisere nærværet av ei spesifikk eining der fleire alternativ er moglege.[1][2] Prosessen kan omtalast som differensialdiagnostikk.[3]

Metoden er ein eliminasjonsprosess, eller i det minste ein informasjonssamlande prosess som snevrar inn aktuelle moglegheitar ved å bruke ulike prov, som til dømes symptom, anamnese og medisinsk kunnskap for å justere epistemiske fortrulegskapar i tankane til legen.[3]

Differensialdiagnosar vert nytta av legar og anna helsepersonell for å diagnostisere spesifikke sjukdommar i ein pasient, eller for å eliminere beinveges livstrugande tilstandar. Ofte vert kvart av alternativa i ein sjukdom kalla for ein differensialdiagnose: bronkitt kan vere ein differensialdiagnose ved evaluasjonen av hoste, som endar opp med den endelege diagnosen, nemleg forkjøling.

Differensialdiagnosar kan reknast for å inkludere den hypotetisk-deduktive metoden, sidan legen kan rekne potensielle sjukdommar eller tilstandar for å vere sanne eller usanne hypotesar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aabakken, Lars (14. februar 2009). «differensialdiagnose». Store Norske Leksikon. Henta 28. desember 2014. 
  2. Nylenna, Magne (13. februar 2009). «differensialdiagnose». Store Medisinske Leksikon. Henta 28. desember 2014. 
  3. 3,0 3,1 Bruusgaard, Dag (13. februar 2009). «differensialdiagnostikk». Store Medisinske Leksikon. Henta 28. desember 2014. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.