Eksogen i økonomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eksogen betyr som kjem utanfrå. I ein økonomisk modell er det slik at dei eksogene variablane til saman bestemmer dei endogene variablane i modellen. Eksogene variablar har talverdiar som er gjeve av faktorar som ikkje blir studert nærare i modellen. Vi kan seie at dei eksogene variablane er dei tala vi «puttar inn» i modellen.

For å finne ut kor mange eksogene variablar det er i ein modell, kan ein som ein tommelfingerregel telje kor mange variablar og likningar vi har. Differansen mellom desse er talet på eksogene variablar.

Døme: Vi har tre variablar (X, Y og Z) og to likningar. Da må éin av variablane (3 - 2 = 1) veljast eksogent, fordi to likningar berre kan bestemme to ukjende.

Denne «teljeregelen» kan i mange tilfelle seie oss kor mange eksogene variablar modellen har, men han kan ikkje fortelje oss noko om kva for variablar som må veljast eksogent. Det er berre i særtilfelle at kven som helst av variablane kan veljast eksogent.

Teljeregelen kan ikkje brukast dersom likningane er lineært avhengige. Eit døme er likningane x + 2y = 6 og 2x + 4y = 12. Den andre likninga gjev akkurat den same informasjonen som den første (er berre multiplisert med to). Dette likningssettet har éin eksogen variabel, anten x eller y. Dersom den eine av desse blir valt eksogent, blir den andre bestemt endogent. Vel vi til dømes x eksogent som 4, må y vera lik 1.

Ein modell med mange eksogene variablar, er ISLM-modellen. Der er dei eksogene variablane dei verkemidla (t.d. pengemengde og offentlege utgifter) som styresmaktene kan bruke for å påverke økonomien.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]