Eksplosjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Detonasjon av eksplosiv.
Svart røyk frå ein eksplosjon stig etter ein bombedetonasjon ved Nahr el Bared, Libanon.

Ein eksplosjon er ein eksoterm kjemisk prosess som, når han føregår ved konstant volum, vil forårsaka ein særs snøgg og tydeleg trykkauke.

Kjemisk drivne forbrenningar som går med høg fart vert gjerne omtalte som eksplosjonar, medan kjemisk drivne nedbrytinger i høg fart vert omtalte som detonasjonar. Den første typen er gjerne knytt til ulike former for krut, medan den siste typen er gjerne knytt til ulike former for sprengstoff. Det finst òg overgangsformer der ei forbrenning i høg fart utløyser ein detonasjon.[1]

Ulike typar eksplosjonar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire ulike typar eksplosjonar:

  • Kjemiske eksplosjonar
    • Uniforme reaksjonar
      • Termisk eksplosjon
    • Propagerande reaksjonar
      • Deflagrasjon - Eksplosjon der forbrenningsbølgja spreier seg med underlydshastighet i tilhøve til ubrent gass forut for flammen.
      • Detonasjon - Eksplosjon der trykkbølgja spreier seg med overlydshastighet i den aktuelle materialen.
  • Mekaniske eksplosjonar - vert forårsaka av mekaniske krefter
  • Nukleære eksplosjonar - inntrer når kjernereaksjonar produserer store energimengder over kort tid.
  • Elektriske eksplosjonar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Haraldsen, Haakon; Fjellvåg, Helmer (20. februar 2018). «eksplosjon». Store norske leksikon (på norsk). 
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eksplosjon