El Hierro

Koordinatar: 27°44′N 18°03′W / 27.733°N 18.050°W / 27.733; -18.050
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
El Hierro
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 27°44′N 18°03′W / 27.733°N 18.050°W / 27.733; -18.050
Øygruppe Kanariøyane

Areal 278 km²

Høgaste punkt Malpaso (1502 moh.)

Administrasjon
Land Spania
Provins Santa Cruz de Tenerife
Største busetnad Valverde (5797 innb.)

Demografi
Folketal 10 162 (2003)
Folketettleik 37 /km²
Virgen de la Caridad kapell
Vestenden av El Hierro var lenge rekna for å vere enden av den kjende verda for europearane.

El Hierro, med kallenamnet Isla del Meridiano («Meridianøya»), er ei spansk øy. Ho er den minste, sørlegaste og vestlegaste øya i Kanariøyane i Atlanterhavet. Ho ligg akkurat på 18 grader vest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på øya kjem frå guanche og tyder «helt», men i løpet av åra har namnet endra seg til «Hierro», som tyder «jarn» på spansk. Derfor vert Ferro òg stundom nytta som eit alternativt namn på øya.

Dei innfødde på øya, kalla bimbachar, vart erobra av Jean de Béthencourt, men det skjedde meir gjennom forhandlingar enn med militær makt. Béthencourt var alliert med Augeron, bror til monarken på øya. Han hadde i årevis vorte halde fange av europearane og var her ein meklar mellom europearane og guanchane. Mot at Béthencourt fekk kontroll over øya, lovde han fridom for dei innfødde, men han heldt ikkje lovnaden og selde seinare mange av dei som slavar. Mange franskmenn og spanjolar frå Galicia slo seg ned på øya.

Geografi og natur[endre | endre wikiteksten]

Som resten av øygrupper er øya fjellendt. Ho har eit areal på 278 km². Det høgaste punktet ligg midt på øya og heiter Malpaso med ei høgd på 1502 meter over havet. Fleire unike artar finst på El Hierro, som ei kjempeøgle (Gallotia simonyi).

Øya er ein del av provinsen Santa Cruz de Tenerife og består av tre kommunar:

Valverde ligg nordaust på øya, medan Frontera ligg i sørvest. Begge inneheld fleire landsbyar. Setet på øya er Valverde. I 2003 budde litt over 10 000 innbyggjarar på øya.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Som alle av Kanariøyane er El Hierro ein turistdestinasjon. Ho har ein liten flyplass ved Valverde og ein ferjeterminal som begge har samband med Tenerife.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: El Hierro