Provinsen Santa Cruz de Tenerife

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Santa Cruz de Tenerife

Provinsen Santa Cruz de Tenerife eller Provinsen Santa Cruz (spansk Provincia de Santa Cruz de Tenerife) er ein provins i Spania og utgjer den vestlege delen av den autonome regionen Kanariøyane i Atlanterhavet. Han inneheld øyane Tenerife, La Gomera, El Hierro og La Palma, samt Los Roques de Anaga, Salmor og Garachico. Provinsen har eit samla areal på 3381 km².

Provinshovudstaden er Santa Cruz de Tenerife (ofte berre kalla Santa Cruz) på øya Tenerife. Det bur kring ein million innbyggjarar i provinsen og ein fjerdedel bur i provinshouvdstaden. Santa Cruz de Tenerife er òg regionshovudstad i den autonome regionen. Det er 53 kommunar i provinsen.

Det høgaset fjellet i Spania, Teide på 3718 moh, ligg på Tenerife.

Den andre provinsen i øygruppa er provinsen Las Palmas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 28°10′N 17°20′W