El Paso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
El Paso
Flagget til El Paso Byvåpenet til El Paso
Flagget til El Paso
Styresmakter
County
Delstat
El Paso County
Texas
Ordførar John Cook
Geografi
Flatevidd 667,289006, 663,698668 km²
Flatevidd
 - By

2648,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

598 590
  873,7/km²
Diverse anna
Heimeside: https://www.elpasotexas.gov/
Nettstad: www.elpasotexas.gov
Plassering

El Paso er ein amerikansk by i delstaten Texas. Byen hadde nesten 600 000 innbyggjarar i 2005. Byen ligg ved elva Rio Grande og grensar til den meksikanske delstaten Chihuahua.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn tyder på at det har levd menneske i denne regionen i tusenvis av år. Dei første gruppene ein veit har budd der er manso-, suma- og jumanoindianarar, dei fleste av desse vart etter kvart blanda inn i nybyggarpopulasjonen. amerikanske nybyggjarar byrja å slå seg ned i regionen i 1848.

Under Republikken Texas krangla Mexico og Texas om El Paso. Byen var lovleg sett ein del av Mexico, men Sam Houston meinte at byen var ein del av Texas.

Under den amerikanske borgarkrigen var Texas ein del av Confederate States of America. Etter borgarkrigen byrja byen å vekse.

Panoramautsikt over El Paso