Elafitiøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Elafitiøyane
Rudaøya sett frå øya Lopud.
Rudaøya sett frå øya Lopud.
Geografi
Elaphiti Islands.png
Stad Adriatarhavet
Store øyar Šipan, Lopud, Koločep
Areal mindre enn 30 km²
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Dubrovnik-Neretva
Demografi
Folketal I underkant av tusen

Elafitiøyane er ei gruppe øyar i Adriatarhavet nordvest for Dubrovnik i Kroatia. Namnet har gresk opphav og tyder Hjortehalvøya (gresk elafos – hjort). Plinius den eldre var den første som nemnde øya i verket Naturalis Historia.

Elfatisøyane dekkjer mindre enn 30 kvadratkilometer og har eit totalt folketal i underkant av tusen menneske.

Tre hovudøyar:

  • Šipan – den største øya og mest folkesette øya.
  • Lopud – har eit stort hotell
  • Koločep – den største landsbyen er Donje Čelo

Andre mindre øyar:

  • Daksa – ligg føre Gruž, Dubrovnik si hamn.
  • Sv. Andrija – ei steinøy utan folk, men med eit fyr
  • Ruda -
  • Mišnjak
  • Jakljan
  • Kosmeč
  • Goleč
  • Crkvine
  • Tajan
  • Olipa – den vestlegaste av øyane

Dubrovnikøyane:

  • Lokrum – enkelte reknar denne øya som ein del av Elafitsøyane.