Elastisitetsgrense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Elastisitetsgrense er ei grense for eit stoff (plate, stong, tråd) definert i ingeniørvitskap og teoretisk materiallære som grensa der belastninga vil starte å deformere stoffet. Før ein når elastisitetsgrensa vil stoffet deformerast elastisk og gå attende til den opphavlege forma si når belastninga vert fjerna. Når ein har passert elastisitetsgrensa vil ein del av stoffet vere permanent deformert og vil ikkje gå attende til den opphavlege forma.

Kunnskap om elastisitetsgrensa er særs viktig i utforminga av ein komponent, sidan grensa representerer den øvre grensa for kor mykje belastning som kan brukast. Det er òg viktig for kontroll under mange produksjonsteknikkar som smiing, valsing og pressing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]