Eldringen i Stillehavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eldringen i Stillehavet

Eldringen i Stillehavet (engelsk Pacific Ring of Fire) er namnet på eit 40 000 kilometer langt, hesteskoforma belte av djuphavsgroper, vulkanbelter og plategrenser som ligg langs randen av Stillehavet i Asia, Amerika og Oseania. Langs Eldringen ligg 452 vulkanar, noko som utgjer 75 prosent av alle vulkanar i verda, og rundt 80% av alle jordskjelv finn stad her.

Eldringen vert danna ved at stillehavsplata skyvast ned under kontinenta rundt Stillehavet (subduksjon). Subduksjonen medfører friksjon og oppbygging av sterke spenningar i jordskorpa. Friksjonen fører til delvis oppsmelting og vulkanisme, medan brå utløysing av spenningane fører til jordskjelv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]