Elektrisk Bureau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Symbolet til Elektrisk Bureau

Elektrisk Bureau, ofte forkorta EB, var eit norsk selskap innan elektroteknikk og telefonapparat. Firmaet vart grunnlagt i 1882 av Carl Söderberg, og vart aksjeselskap i 1895. Frå 1928 samarbeidde selskapet med svenske Ericsson.

I 1934 starta A/S Elektrisk Bureau eiga radioavdeling, Kommersiell Radio, med ingeniør Leif Florian Gaudernack som sjef. Den 24. april 1934 inngjekk EB ei lisensavtale med Philips Gloeilampen-Fabrieken i Eindhoven i Holland. Avtala gav EB tilgjenge til Philips konstruksjonar og patent for produksjon av utstyr.

Nera, Norsk Kabelfabrikk, Industrikontroll A/S, Norsk Signalindustri A/S og AS Telesystem var dotterselskap av EB.

I 1988 vart Elektrisk Bureau ein del av ABB-konsernet. EB vart enno brukt som varemerke fram til 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Skogaas, Peder (1982):Over alle grenser 1882-1982 Elektrisk Bureau - 100år i teleteknikkens tjeneste. Oslo, A/S Elektrisk Bureau, ISBN 82-990901-0-5
  • Magnus, Christian Semb (1999): Elektriske Bauner. Sagaen om Elektrisk Bureaus radioavdeling. Oslo, Norsk Telemuseum, ISBN 82-91335-19-2