Elektrode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein elektrode er eit materiale som fungerer som leiar for elektrisk straum til eller frå ei væske, ein gass, ein lekamsdel osv, eller til ein annan elektrode. Ved elektrolyse er det vanleg å bruke elektrodar av karbon, sidan metall lett kan oksidere. Når det blir sett spenning mellom to elektrodar, blir den negative kalla katode, og den positive for anode. Elektrodane i brytarar og andre elektriske kontaktar bør ha veldig liten motstand, spesielt når spenninga er liten, sidan kontaktflata i røyndomen er mindre enn han ser ut som, eller at ureinskapar på overflata kan gjere at straumen berre går gjennom delar av kontaktflata. Gode kontaktar for låge spenningar, til dømes til signaloverføring, kan ofte vere belagt med gull fordi gull har god leiingsevne, men fyrst og fremst av di gull ikkje oksiderer.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]