Elektrojet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Elektrojet er sterke elektriske straumar i E-laget i ionosfæren over ekvator og i polarlysområdet, i ei høgd 100-120 km over jordoverflata. Sjølv om straumtettleiken enkelte stader i straumbeltet er liten, så vil den store utstrekkinga gjere at ein likevel får ein særs sterk samla straum. Typiske verdiar er 50 000 ampere i ekvatorstraumen og 250 000 ampere i polarlysområdet. Sidan ein elektrisk straum omgjev seg med eit magnetfelt, vil endringar i straumstyrken føre til variasjonar i magnetfeltet til jorda.

Kristian Birkeland var den første til å foreslå at dei polare elektrojetane er knytte til trådsaktige system (no kalla «Birkelandstraumar») som strøymer langs dei geomagnetiske feltlinjene inn mot og bort frå polområda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]