Elektrokardiografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elektrokardiografi (EKG) er ein diagnostiseringsmåte innan hjartefysiologi. Det måler den elektriske aktiviteten i hjartet, og kan mellom anna visa hjarteinfarkt og arytmi (rytmeforstyrringar i hjartet).

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

EKG har ei rekkje bruksområde:

  • Å avgjere om hjarterytmen er normal eller om det er rytmeforstyrringar (T.d. ekstra eller tapte hjarteslag – sokalla hjartearytmiar.
  • Kan påvise tilstopping av kransarteriane (under eller etter eit hjarteinfarkt).
  • Kan nyttast for å indirekte påvise elektrolytt-forstyrringar, t.d. kalium, kalsium, magnesium.
  • Kan påvise om det er greinblokk eller andre leidningsforstyrringar, det vil seie at det elektriske signalet som gjev hjartemuskelsamantrekning ikkje spreiast utover i muskulaturen på vanleg måte...
  • Kan nyttast til å teste hjartemuskelens oksygenforsyning ved belastingstestar (belastnings-EKG).
  • Kan nyttast til å hauste informasjon om hjartets fysiske tilstand, t.d. å påvise venstre ventrikkelhypertrofi.

Elektrokardiogram[endre | endre wikiteksten]

Eit Elektrokardiogram (forkorting EKG) er ei grafisk framstilling laga av eit apparat (EKG-apparat, eller elektrokardiograf) som registrerer hjartets elektriske aktivitet. EKG er eit sentralt verktøy i hjartefysiologi, og har ein viktig funksjon ved screening og diagnostisering av hjartesjukdomar innan subspesialiteten kardiologi.

Normal EKG[endre | endre wikiteksten]

Ei typisk EKG-bølgje frå eit normalt hjarteslag med P-bølgje, QRS-kompleks, og T-bølgje

Ei typisk EKG-bølgje frå eit normalt hjarteslag syner P-bølgje, ein liten pause, so QRS-komplekset, og til slutt ei T-bølgje. Ei lita U-bølgje etter, T sjåast av og til.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.