Elektroninnfanging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elektroninnfanging

Elektroninnfanging er ein prosess der eit atom, molekyl, ion eller ei atomkjerne trekkjer til seg eit elektron frå omgjevnadane sine og dermed endrar ladningstilstanden sin. Elektroninnfanging har tyding ved nedbremsing av ladde partiklar i stoff, sidan dette til dels føregår ved at partikkelen fangar inn og avgjer igjen elektron til atoma han passerer.

I kjernefysikken er elektroninnfanging ein omdanningsprosess der kjerneladninga og atomnummeret minkar med ei eining på same måte som ved positronutsending (sjå t.d. betanedbryting). Samstundes med at kjernen fangar inn eit elektron, vil det alltid sendast ut i eit nøytrino frå kjernen. Avhengig av kva for eit elektronskal elektronet er henta frå, vert elektroninnfanging i kjernen kalla K-innfanging, L-innfanging osv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]