Elementærladning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei(n) elementærladning er i fysikken den minste, positive elektriske ladninga som kan eksistere hos ein fri partikkel. Dette er lik ladningen til eit proton og motsett ladning av eit elektron. Elementærladningen er ein fundamental fysisk konstant og symbolet er e. SI-eininga er Coulomb.

Verdien er

e = 1.602 176 53(14) × 10-19 C

der verdien er CODATA sin verdi frå 2002 og tala i parentes er standardavviket til dei to siste sifra.

Alltid bundne partikler kan ha ladning som er mindre enn elementærladning, slik som kvarkar som har ladning i einingar av e/3. Kvasipartiklar kan òg ha ladning mindre enn elementærladninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]