Ellen Anne Sara Gaup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ellen Anne Sara Gaup
Fødd 29. februar 1964 (57 år)
Yrke skribent

Ellen Anne Mikkelsdatter Sara Gaup (fødd 29. februar 1964) er ein norsk samisk barnebokforfattar frå Masi i Kautokeino. Ho skriv på nordsamisk. Ho er utdanna barnehagelærar og arbeider både i barnehage og i reindrifta.[1]

Gaup har gjeve ut to barnebøker på det samiske forlaget Davvi Girji. Den første boka hennar var biletboka Rágo ja skireáhkku (2007), som skildrar venskapen mellom kråkeungen Rago og skjærekona («skireáhkku»), med ein bodskap om at vener og hjelpsemd er naudsynt for å klara seg.[2] Boka er illustrert av Ante-Ovlla Juuso. Biletboka Niillas ja Báktestálu noaidelávži (2012, «Niillas og Bergtrollet sitt magiske reim») er illustrert av Malle Remmel og er utgjeve i ei trespråkleg utgåve på nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Historia handlar om at Niillas må få hjelp av det store, farlege bergtrollet for å få reinsimla si frisk att.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ellen Anne Sara Gaup; davvi.no
  2. samiskbibliotektjeneste.wordpress.com
  3. samiskbibliotektjeneste.wordpress.com