Sørsamisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørsamisk
(åarjelsaemie)
Klassifisering: Uralsk
 samisk
Bruk
Tala i: Noreg, Sverige
Område: Hedmark, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Dalarna, Härjedalen, Jämtland, Västerbotten
Sørsamisktalande i alt: 500
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Snåsa kommune, Røyrvik kommune
Normert av: Samisk språkråd
Språkkodar
ISO 639-2: sma
ISO 639-3: sma
Sørsamisk er nummer 1 på dette kartet

Sørsamisk er eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka av i overkant av 500 talarar[1], i Østerdalen, på Nordmøre, i Trøndelag og i Nordland i Noreg så vel som i Västerbotten, Jämtland og Dalarna i Sverige. I Noreg har språket òg hatt ei viss utbreiing kring Dovre. Med så få som brukar det, vert det av UNESCO rekna som eit sterkt truga språk.[2]

På grunn av den over hundre år lange perioden med aktiv fornorskingspolitikk (ca. 1850–1960) gjekk sørsamisk ut av bruk som daglegspråk i store delar av den sørsamiske befolkninga. Dei siste tiåra har det ikkje dess mindre vorte arbeidd med å styrkje språket att. I 2008 vart sørsamisk offisielt språk i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag, og Røyrvik kommune, i same fylke, fylgde etter i 2013. Dette medverkar til at sørsamisk i dag står sterkare enn på lenge.

Sørsamisk er ikkje mykje brukt i det offentlege rom, men NRK Sápmi har jamnleg sendingar på sørsamisk, både på radio og TV.

Sørsamisk vart skriftfesta i 1974 med Bergsland-Bull-rettskrivinga, laga av Knut Bergsland og Ella Holm Bull, og har sidan da vorte brukt i bøker (skulebøker, barnebøker, Bibelen), aviser (Snåsningen, Daerpies Dierie), i salmar, på Internett (t.d. infonuorra.no, snasa.kommune.no) og i offentlege dokument i Snåsa kommune. Det er utvikla digitale språklæringsverktøy for sørsamisk, Oahpa!, og sørsamisk retteprogram for bruk i Microsoft Word, Divvun.

Alfabet[endre | endre wikiteksten]

Sørsamisk og norsk på vindauga til Snåasen gærjagåetie (Snåsa bibliotek).
Foto: Olve Utne
For meir om dette emnet, sjå Uttale av sørsamisk skriftspråk.

Sørsamisk blir skrive med bokstavane i det norske og svenske alfabetet, slik at æ, ø blir brukt på norsk side og ä, ö på svensk side. I tillegg brukar ein ï, ein lågare, meir bakre i i tillegg til i, men i skrive sørsamisk er det ein tendens til å skrive i for ï. Grovt sett kan ein seie at dei sørsamiske uttalereglane byggjer på uttalereglane til norsk og svensk.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sørsamisk fonologi.

Sørsamisk har eit rikt vokalsystem med 8 korte vokalar (i, e, æ, a, y, u, o, å) og 13 lange vokalar eller diftongar (ie, ee, ae, ea, aa, ue, øø, åe, yø, oe, åå, ua, åa). Det korte vokalsystemet har dei same vokalane som norsk, bortsett frå at kort /ø/ manglar. Systemet av lange vokalar skil seg frå norsk, framforalt ved at det har fallande diftongar (ie, ea, yø, ua, åa), diftongar der den første delen blir uttalt høgare (med munnen meir lukka) enn andre delen.

Sørsamisk skil seg frå dei andre samiske språka ved at dei ikkje har stadieveksling. Derimot har sørsamisk omlyd, dvs. rotvokalen varierer etter vokalen i bøyingssuffikset. T.d. er det omlyd føre komitativendinga -ine, slik at gåetie «hus» heiter gøøtine i komitativ. Sørsamisk har 7 ulike omlydsrekkjer med 6 ulike kontekstar.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sørsamisk morfologi.

Sørsamiske substantiv har 8 kasus, 3 grammatiske, 3 lokale og 2 andre adverbiale. Substantivmorfologien er relativt konservativ, t.d. skil sørsamisk mellom akkusativ -m og genitiv -n, ein skilnad som er forsvunne både i nordsamisk (der begge desse kasusa manglar ending) og i finsk, der suffiksa for akkusativ og genitiv har falle saman til -n. Derimot finn vi dei same suffiksa i den andre enden av den uralske språkfamilien akkusativ -m og genitiv -n i marisk, og akkusativ -m og genitiv i nenetsisk.

I verbbøyinga finn vi 3 personar, 3 tal (singularis, dualis, pluralis). Negasjonen er eit verb, til skilnad frå nordsamisk blir negasjonen bøygd ikkje berre i person men også i tid.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sørsamisk syntaks.

Sørsamisk er, til skilnad frå dei andre samiske språka, eit SOV-språk. Hjelpeverb står framfor objektet, så ordstillinga er snarare SHOV (med H for hjelpeverb). Som dei andre samiske språka har sørsamisk postposisjonar heller enn preposisjonar, og adjektiv står framfor substantiva dei modifiserer. Med unntak av hjelpeverb, subjunksjonar og preposisjonar er sørsamisk eit språk der kjernen i dei syntaktiske frasene (den delen som avgjer kva slags frase det er) kjem til slutt i frasa.

Sørsamisk kan utelate subjektet frå finitte setningar, det er eit såkalla PRO-drop-språk.

Eit drag som skil sørsamisk frå dei andre samiske språka er at det i presens er mogleg å sløyfe hjelpeverbet «er» i setningar med subjektspredikativ (setningar av typen Per er lærar).

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Ytre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste tekstane på samisk, frå svensk side, er frå sørsamisk, eller snarare på umesamisk, frå 1660-åra. Sørsamane var også tidleg ute med organisatorisk arbeid, allereie i 1906. Sørsamisk språkforsking tok til i 1880-åra med ungararen Ignác Halász, som publiserte tekstar og ein grammatikk. Særleg viktig har Knut Bergsland sitt arbeid med sørsamisk vore, hans Røroslappisk grammatikk frå 1946, Sydsamisk grammatikk (1981) og ordboka Åarjelsaemien-daaroen baakoegaerja (1993, saman med Lajla Mattson Magga er dei sentrale verka for sørsamisk, i lag med Hasselbrinks Südsamisches Wörterbuch I–III. Det sørsamiske skriftspråket er frå 1974, i den såkalla Bergsland-Bull-rettskrivinga, etter Bergsland og Ella Holm Bull.

Indre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Samisk språkhistorie.
Den sørsamiske slektskoppen, laga av Inger Marie Oskal, med slektskapstermar på sørsamisk

Som så ofte er med språk i utkanten av ei nærskyld språkgruppe, er sørsamisk meir konservative enn dei andre samiske språka. Stadieveksling, ein samisk innovasjon, har ikkje strekt seg heilt til sørsamisk, derimot er omlyd ein levande prosess.

Om sørsamisk har vore i utkanten av den samiske og uralske språkutviklinga, har språket gjennom hundreåra hatt meir kontakt med germanske språk enn dei andre samiske språka. Det er såleis svært mange skandinaviske lånord i sørsamisk.

Revitalisering[endre | endre wikiteksten]

På grunn av fornorskingspolitikken er det i dag mange sørsamar som ikkje har sørsamisk som morsmål. Dei siste tiåra er det lagt ned mykje arbeid for å revitalisere sørsamisk på ulike arenaer. For dei yngste vart det hausten 2003 oppretta ein sørsamisk heiltidsbarnehage på Snåsa, Åarjel-saemiej maanagierte[3].

Det har sidan hausten 1968 vore tilbod om sørsamisk opplæring i grunnskulen, først og fremst ved Åarjel-saemiej skuvle/Sameskolen i Snåsa[4] og Gaske-Nøørjen Saemienskovle/Sameskolen for Midt-Norge[5] i Hattfjelldal, men seinare òg ved mange kommunale grunnskular i det sørsamiske busettingsområdet. Talet på elevar som har fått opplæring i sørsamisk, har auka jamt og trutt, og særskilt har talet på elevar med sørsamisk som førstespråk auka.[6][7]

For vaksne blir det undervist i sørsamisk på fleire språksenter (t.d. Aajege på Røros[8] og Gielem Nastedh på Snåsa), i tillegg til på Høgskolen i Nord-Trøndelag og ved universiteta i Tromsø, Umeå og Uppsala.

1. januar 2008 vart Snåsa kommune, som første sørsamiske kommune, innlemma i samisk språkforvaltingsområde, og vart dermed tospråkleg. 1. januar 2013 vart Røyrvik kommune innlemma i språkforvaltingsområdet, som den andre kommunen i sørsamisk område. I 2012 vedtok Hattfjelldal kommune i Nordland at det skulle setjast i gang eit forprosjekt med tanke på å få kommunen med i det samiske språkforvatingsområdet.[9]

Mange som sjølve ikkje har fått morsmålskompetanse i sørsamisk gjennom oppveksten, men som har hatt opplæring i skulen, prøver i vaksen alder å ta språket tilbake ved å lære seg å snakke det flytande, og ved å innføre det som heimespråk og å snakke det med ungane sine.[10]

Rapporten ”Samisk språkundersøkelse 2012”[11], utført av Nordlandsforskning/Norut Alta på oppdrag frå Sametinget stadfestar at bruken av sørsamisk språk har fått ein liten oppsving dei siste tiåra – det munnlege språket er meir prega av skriftspråket no, men det er fleire unge som brukar språket enn for 20–30 år sidan.[12]

Sørsamisk skriftspråk blir òg brukt i fleire samanhengar. Etter at Snåsa kommune kom med i samisk språkforvaltingsområde, har avisa Snåsningen med jamne mellomrom hatt ei side på sørsamisk. I desember 2010 lanserte Divvun eit ordretteprogram for sørsamisk.[13] Det Norske Bibelselskap har publisert utdrag på sørsamisk frå dei fleste bøkene i både det gamle og det nye testamentet på sidene sine.

Viktige personar[endre | endre wikiteksten]

Sørsamen Jarle Jonassen har i mange år vore vald inn i Sametinget og har arbeidd der for å styrke språket.[14][15]

Mellom dei som har markert seg i arbeidet med å styrke sørsamisk, kan ein nemne:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.ethnologue.com/show_language.asp?code=sma
  2. http://www.unesco.org/culture/languages-atlas/index.php
  3. Snåsa kommune: Åarjel-saemiej maanagierte
  4. Snåsa kommune: Åarjel-saemiej skuvle/Sameskolen
  5. Gaske-Nøørjen Saemienskovle/Sameskolen for Midt-Norge
  6. Grunnskulens informasjonssystem: https://gsi.udir.no/34404/2075/34382-37381.html
  7. Todal, Jon (2007) Samisk språk i Svahken Sijte – Sørsamisk vitalisering gjennom barnehage og skule, Kautokeino: Sámi Instituhtta
  8. Aajege
  9. sametinget.no
  10. Johansen, Inger (2006) «Det er ikkje eit museumsspråk - det har noko med framtida å gjera». Ei sosiolingvistisk undersøking av revitaliseringa av sørsamisk. Mastergradsavhandling i nordisk språkvitskap, Institutt for nordistikk og språkvitskap, NTNU
  11. ”Samisk språkundersøkelse 2012”
  12. Samisk språkundersøkelse 2012, NF-rapport nr. 7/2012
  13. Sørsamisk retteprogram lansert
  14. http://www.ranablad.no/nyheter/article2078678.ece Rana blad om ein ny bokbuss for sørsamisk litteratur
  15. http://www.nsr.no/website.aspx?displayid=9427 Norske samers riksforbund - Jarle Jonassen: - Språket kan reddes.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bergsland, Knut 1946: Røros-lappisk grammatikk : et forsøk på strukturell språkbeskrivelse. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Skrifter ; 43. Oslo : Aschehoug, 1946.
  • Bergsland, Knut 1982: Sydsamisk grammatikk. Tromsø : Universitetsforlaget.
  • Bull, Ella Holm & Bergsland, Knut 1993: Lohkede saemien = Sørsamisk lesebok [Oslo] : Grunnskolerådet, Kirke- og undervisningsdepartementet; Kárásjohka : Davvi girji, 1993. 1. utg. Oslo : Universitetsforl., 1974.
  • Collinder, Björn 1942: Lappische Sprachproben aus Härjedalen : nach Nils Axman, Torkel Larsson, Lars Renfelt, Elisabeth Rensberg und Nils Rutfjäll : mit einem Abriss der Nominal- und Verbalbeugung. Arbeten utgivna med understöd av Vilhelm Ekmans universitetsfond ; 50. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1942.
  • Halász, Ignácz 1891: Svéd-lapp nyelv. 4, Déli-lapp szótár / irta Halász Ignácz. Ugor füzetek ; 10. Budapest : Magyar Tudományos Akadémia, 1891.
  • Hasselbrink, Gustav 1944: Vilhelminalapskans ljudlära : med särskild hänsyn till första stavelsens vokaler. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1944.
  • Hasselbrink, Gustav 1981-1985: Südlappisches Wörterbuch = Oårj'elsaamien baaguog'ärjaa. Skrifter / utgivna genom Dialekt- och folkminnesarkivet i Uppsala Ser. C, Lapskt språk och lapsk kultur ; 4. Uppsala : Lundequistska bokhandeln, 1981-1985. 3 bind.
  • Lagercrantz, Eliel 1923: Wörterbuch des südlappischen : nach der Mundart von Wefsen. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B, Skrifter ; 4. Oslo : Aschehoug, 1923.
  • Larsson, Lars-Gunnar (red.) 1996: Lapponica et Uralica : 100 Jahre finnisch-ugrischer Unterricht an der Universität Uppsala : Vorträge am Jubiläumssymposium 20.-23. April 1994. Studia Uralica Upsaliensia ; 26. Uppsala : Acta Universitatis Upsalienia : Distributor: Almqvist & Wiksell, 1996.
  • Magga, Lajla Mattsson 2009: Norsk-sydsamisk ordbok — Daaroen-åarjelsaemien baakoegærja. Iđut 2009.
  • Magga, Ole Henrik og Lajla Mattsson Magga 2012: Sørsamisk grammatikk. Davvi Girji 2012.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2003: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 1 = voestes gærja 1 : åarjelsaemien gielekuvsje / Åsta Vangberg og Helen Blind Brandsfjell ; illustrasjoner: Lena Kappfjell. [Hattfjelldal] : Sijti Jarnge, c2003.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2004: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 2 = mubpie gærja 2 : åarjelsaemien gielekuvsje. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2004.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2005: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 3 = gåalmede gærja 3 : åarjelsaemien gielekuvsje ; illustrasjoner: Mattis Danielsen. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2005.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2006: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 4 = njieljede gærja 4 : åarjelsaemien gielekuvsje ; illustrasjoner: Mattis Danielsen. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2006.
  • Wiklund, K.B. 1915: Lärobok i lapska språket. Uppsala : Akademiska bokhandeln.



Samiske språk
akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk