Hopp til innhald

Else Germeten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Else Germeten
FøddElse Knutson
8. august 1918
Død11. september 1992 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
EktefelleGunnar Germeten
BarnKjersti Germeten, Gunnar Germeten jr.

Else Germeten (8. august 191811. september 1992) var ei norsk organisasjonskvinne, filmkontrollør og politikar for Arbeidarpartiet.

Germeten studerte engelsk og litteratur i Noreg og seinare psykologi i USA.[1]

Frå 1959 til 1969 var Germeten leiar i Norges Husmorforbund.[1] I 1970 blei ho tilsett i Statens Filmkontroll.[1] I 1978 blei ho sjef i filmkontrollen, og sat i stillinga til ho gjekk av med pensjon i 1987.[2] Som filmkontrollsjef gjorde ho seg særleg merka i 1980, då filmen Profeten Brians liv og historie blei forboden i Noreg.[3] Frå 1979 til 1984 var Germeten medlem av Den Norske Nobelkomite.[4] Ho sat i Pressens Faglige Utvalg[2] og ei rekkje andre utval og styre.

Germeten var gift med embetsmannen Gunnar Germeten (1918–95) og mor til teaterkunstnaren Kjersti Germeten (1942–2004), læraren Frode Germeten (f. 1949) og komponisten Gunnar Germeten jr. (1947–1999).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Bjørn Steenstrup: Hvem er Hvem? 1973, Oslo: Aschehoug , 1973, s. 173-174. Tilgjengeleg frå prosjekt Runeberg.
  2. 2,0 2,1 Nekrolog i Aftenposten, morgenutgaven 24. september 1992, s. 13.
  3. Verdens Gang, 17. oktober 1980, s. 44.
  4. «Germeten, Else», Nobelprize.org. Vitja 9. november 2015.