Elsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Elsk eller elskhug (elskug, elskog, elsko))er eit substantiv som er nytta om jordisk kjærleik, i nokon grad erotisk lengt eller lyst. Omgrepet femnar noko vidare enn rein lyst. Verb-avleiinga er «å elske». Ein annan avleiing er «ei elska», før i tida nytta om ein kjærast. Før i tida nytta ein omgrepet noko vidare enn i dag, då «elske» ofte er vorte synonymt med seksuelt samvære. Om ein elskar noko eller nokon, tyder det framleis at ein held storleg av objektet for elsk-hugen. I dag snakkar vi framleis om å «legge sin elsk på» noko.

Ordet har vore nytta i Skandinavia sidan norrøn tid, og finst i alle skandinaviske språk. Det er eit norrønt arveord, men ikkje nytta utanfor Skandinavia.

Litterært har ordet vore meir i bruk før i tida, mellom anna i den norske nyromantikken (Vaar og elsk av Hans E. Kinck, diktet Elsk frå Haugtussa av Arne Garborg).

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.