Embete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit embete (frå keltisk til norrønt embætti) er ei nemning for dei høgste stillingane i statstenesta. Ein innehavar av eit embete vert kalla embetsmann eller òg embetskvinne.

I Noreg vert embetspersonar utnemnde av Kongen i statsråd. Dei har eit særskilt sterkt stillingsvern, som hovudregel berre kan avsetjast ved dom, jf. Grunnlova § 22.[1] Dette grunnlovsvernet gjeld likevel ikkje medlemmer av statsrådet, tilsette ved statsrådets kontor, militære leiarar og visse andre grupper.

Bakgrunnen for dette særskilt sterke stillingsvernet, var frykta for at ein kunne gli attende til einevelde dersom kongen kunne seia opp statstenestemenn på grunn av politiske usemjer. Embetsmennene hadde i perioden 1814 til 1884 ein dominerande posisjon i det norske samfunnet. Styrking av lokaldemokratiet har sidan redusert makta til embetsmennene. Mange stillingar som tidlegare var embete vert no tilsette på lågare forvaltingsnivå.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Grunnlova § 22». Lovdata. Henta 23. april 2023.