Emil Sandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emil Sandberg
Emil Sandberg2.jpg
Emil Sandberg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 16. mai 1875
Oslo
Død

1955 (80 år)

Yrke Lokomotivfører

Emil Sandberg (fødd 16. mai 1875 i Christiania, død 1955[1]) var ein norsk lokomotivfører og fagleg tillitsmann, frå 1908 til 1911 og ein periode ved årsskiftet 1924-25 formann i Norsk Lokomotivmannsforbund.

Sandberg byrja å arbeide ved jarnbana som 15-åring i 1890, då han fekk jobb som lokomotivpusser ved Hovedbanen. Han avanserte til fyrbøter, deretter lokomotivførar.

Han var medlem av 1. distrikts lokomotivpersonales foreining frå organisasjonen vart stifta i 1893, og vart snart òg aktiv i landsforeininga. I 1904 deltok han i lokomotivmannskongressen på skandinavisk nivå, og året etter vart han nestformann i Lokomotivmandsforbundet. I 1906 var han initiativtakar til skipinga av bladet til organisasjonen Lokomotivmands Tidende, og sat som formann i redaksjonskomiteen.

I 1908 vart Sandberg valt til formann i NLF, og hadde vervet til 1911. Frå 1913 var han valt redaktør for Lokomotivmands Tidende og frå 1916 forretningsførar i forbundet, i fullt lønna stilling. Sandberg var ein sentral pådrivar då NLF i 1919 gjekk inn i Landsorganisasjonen.

På landsmøtet i september 1924 vart han for andre gong valt til formann i NLF, men satt denne gongen berre nokre månader i vervet før han måtte gå av. Ved årsskiftet avdekte nyvalde revisorar uregelmessigheiter i økonomien til forbundet, ei sak som endte med at Sandberg vart tiltalt for underslag og dømt til to års fengsel. I alt var det underslått nær 59 000 kroner, på den tida ein stor sum.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anmeldte døde, side 6. VG 5. juli 1955
  2. side 242-249, Norsk Lokomotivmannsforbund gjennom 60 år, NLF, Oslo 1953

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Emil Sandberg», side 159, Alfred Skar: Norsk Lokomotivmannsforbund gjennom 60 år, NLF, Oslo 1953
  • «Emil Sandberg», side 194, Olaf Ingebretsen: Først i spora gjennom 100 år. Norsk lokomotivmannsforbund 1893-1993, Notabene Forlag, Oslo 1993