Hopp til innhald

Emmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emmen
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Nederland
Provins Drenthe
Areal 346,25 km²
Folketal 107 024 (1. januar 2021)[1]
Kart
Emmen
52°47′00″N 6°54′00″E / 52.783333333333°N 6.9°E / 52.783333333333; 6.9
Kart som viser Emmen.
Kart som viser Emmen.
Kart som viser Emmen.
Wikimedia Commons: Emmen, Netherlands

Emmen er ein kommune og by nordaust i Nederland i provinsen Drenthe med om lag 110 000 innbyggjarar.

Emmen er ein planlagt by og oppstod frå fleire mindre bonde- og torvinnhaustingssamfunn som har eksistert i Drenthe sidan mellomalderen. Byen voks først etter den andre verdskrigen. Forstadane vart bygd med klokka rundt det gamle sentrumet av Emmen. Sidan han er såpass ny er det få historiske landemerke i byen, men det finst ei gammal kyrkje ved marknadsplassen som er frå mellomalderen. Tinghuset og postkontoret er frå byrjinga av 1900-talet.

Tidleg i 1980-åra vart dyreparken Dierenpark Emmen opna nær byen. Parken trekkjer til seg mange turistar og er økonomisk viktig for byen. Arbeidet med å byggje parken byrja allereie i 1930-åra og han stod ferdig på 1970-talet. Han har over 1,5 millionar vitjande kvart år.

Emmen er den nest største byen i Drenthe, og arealmessig er han ein av dei største kommunane i Nederland, sjølv om det meste av områda er landleg. Dei viktigaste landsbyane i kommunen er Emmercompascuum, Klazienaveen, Nieuw-Amsterdam og Schoonebeek.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Emmen