Emulsjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Ingen emulsjon. To ikkje-blandbare væsker, den lettaste flyt oppå den andre.
B Dei to væskene samenblanda i ein emulsjon.
C Dei to blir separerte ved at dropane, som har lågare tettleik enn den kontinuerlege fasen, flyt til toppen og ved at dropar koaliserer.
D Emulsjon med stabilisator på grenseflata mellom dropane og den kontinuerlege fasen.

Ein emulsjon er ei blanding av to stoff som normalt ikkje let seg blande, som t.d. olje og vatn. Det eine stoffet er finfordelt som små dropar eller partiklar (dispergent fase) i det andre stoffet (kontinuerleg fase). Som regel må ein bruka eit tredje stoff, ein emulgator, for å halda partiklane finfordelt som ein stabil emulsjon.

Ein emulsjon av ei olje og vatn kan vera enten ein olje-i-vatn-emulsjon, der oljedropane er fordelte i ein kontinuerleg vassfase, eller ein vatn-i-olje-emulsjon der vassdropar er dispergerte i oljefasen. Til døems er kremfløyte ein olje-i-vatn-emulsjon der feittpartiklane er emulgerte i vassfase, medan stivpiska krem er ein vayn-i-olje-emulsjon der vatn er finfordelt i ein kontinuerleg (stiv) feittfase.

Andre døme på emulsjonar er hudkrem, nokre typar måling, salve og såpe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]