Engebret Soot
Engebret Soot | |
![]() | |
Fødd | 26. mai 1786 Aurskog-Høland |
Død |
3. mars 1859 (72 år) |
Yrke | ingeniør |
Engebret Soot (26. mai 1786–3. mars 1859 Østre Otteid) er kjend som Haldenkanalens far. Han bygde sluser og kanalar for transport av båtar og tømmer.
Soot var fødd i Aurskog og voks opp på Sootplassen. Han fekk arbeid som smed og tømmermann, og tileigna seg teknisk kunnskap utan å få formell utdanning.[1] I 1825 fekk han stilling som fløtingsinspektør ved Haldenvassdraget.[2]

Engebret Soot og to sluser i Haldenkanalen
Kanalbygging[endre | endre wikiteksten]
- Frå 1824/25 til 1827 bygde Engebret Soot den 775 meter lange Otteid kanal, den første i sitt slag i Noreg. Dette skjedde etter ønskje frå Fredrikshalds sagbrugseiere. Dei ville få tømmeret raskare ned til byen, ei tid då det tok eit par år å få tømmeret nedover frå Stora Le.
- 20. juli 1849 opna «Soots kanal», landets første slusekanal. Denne kanalen vart brukt til å fløyte tømmer oppstraums frå Mangenvassdraget til Haldenvassdraget. Kanalen vart kjøpt av Saugbrugsforeningen i 1869, ti år etter at Saugbrugs vart skipa. Kanalen var i drift til 1930.
- Våren 1852 byrja bygginga av Brekke sluser i Haldenkanalen og 7. juni 1853 vart «Stens-Elvs-Kanalens Aabning» markert. Krappeto-dammen stod ferdig i 1856, slik at anlegget vart teke i bruk i 1857. Det vart øydelagt i 1861, halvtanna år etter at Soot var død.
Ettermæle[endre | endre wikiteksten]
Dampbåten Engebret Soot gjekk i rute mellom Skulerud og Holmgil brygge på innsjøen Aspern.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Wiig, Jan (25. februar 2020). «Engebret Soot». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «Engebret Soot». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 26. februar 2020.
- Artikkel i Halden Arbeiderblad om Haldenkanalens far
- Grete Brustad Nilsens minne-hefte om Engebret Soot
- Denne artikkelen bygger på «Engebret Soot» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mai 2013.