Aurskog
Hopp til navigering
Hopp til søk
Aurskog er ein tettstad som ligg i den nordlege delen av Aurskog-Høland kommune. Aurskog var før kommunesamanslåinga i 1966 ein sjølvstendig kommune med tettstadane Aurskog, Aursmoen, Finstadbru, Lierfoss, og Korsmo. Tettstadane Aurskog og Aursmoen har i dag meir eller mindre vakse saman, og vert naturleg sett på under eitt.
Aursmoen er handelsområdet, og har i tillegg til to små butikksentra fleire butikkar av ymse slag. I dei seinare åra har mange reagert på at staden, som har om lag 5000 innbyggjarar, har heile tre daglegvarebutikkar.
Aurskog har ein nyopna (2005) golfbane, Aurskog Golfpark.
Kjende verksemder i bygda er PDC Tangen (prenteverk, læremateriell), Stenquist emballasje og Bakelittfabrikken som produserer øvingsammunisjon.
Kjende personar frå Aurskog[endre | endre wikiteksten]
- Stein Ove Berg, visesongar
- Lasse Ottesen, skihoppar
- Anette Tønsberg, skøyteløpar