Ennio Morricone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ennio Morricone
Ennio Morricone Cannes 2007.jpg
Alias Maestro
Fødd 10. november 1928 (89 år)
Roma
Sjanger Filmmusikk, klassisk musikk, pop, jazz, loungemusikk, easy listening
Aktive år 1946 til i dag
Yrke Komponist, instrumentering, dirigent, trompetist
Tilknytte artistar Gruppo di Improvvisazione di Nuova Consonanza, Bruno Nicolai, Alessandro Alessandroni, Edda Dell'Orso, Curro Savoy, Mina, Yo-Yo Ma, Mireille Mathieu, Joan Baez, Andrea Bocelli, Roger Waters, Sarah Brightman, Amii Stewart, Paul Anka, Milva, Gianni Morandi, Dalida, Catherine Spaak, Pet Shop Boys, Hayley Westenra og andre
Nettstad www.enniomorricone.it

Ennio Morricone (fødd 10. november 1928) er ein italiensk komponist og dirigent som har skrive musikk til meir enn 500 filmar og fjernsynsseriar i løpet av ein karriere som har vart meir enn 50 år.[1] Musikken hans finst i over 30 prisvinnande filmar[2] i tillegg til fleire symfoniske verk og musikkverk for kor. Morricone er mest kjend for arbeidet sitt med Spaghetti Western-filmane regisserte av venen Sergio Leone, inkludert For en neve dollar (1964), For en neve dollar mer (1965), Den gode, den onde og den grusomme (1966) og Ondt blod i vesten (1968), men karrieren hans omfattar mange sjangrar og han har vore ein av dei mest varierte og produktive musikarane i verda og har hatt stor innverknad på andre musikarar.

Han var fødd i Roma og byrja å spele trompet som barn og gjekk på Accademia Nazionale di Santa Cecilia for å få opplæring på instrumentet då han var ni år. Han starta formelt på konservatoriet då han var 12 år gammal. Han fekk vitnemålet sitt i trompet i 1946 og byrja å arbeide profesjonelt og komponerte musikken til «Il Mattino». Morricone vart raskt populær og skreiv den første bakgrunnsmusikken sin for radioteater og gjekk raskt over til film.[3]

I 1950-åra fekk han «Vitnemål i instrumentering for band» etter å ha arbeidd under komponisten Goffredo Petrassi. I 1955 starta Morricone å skrive og arrangere musikk under andre sine namn, og var då alt ein etablert filmkomponist. Morricone vart lagt merke til av den tidelgare skulekameraten Sergio Leone, som hyrte Morricone til å komponere musikk til somme av dei mest kjende filmane hans. I lag skapte dei ein særeigen filmmusikk til Leone sin eigen versjon av Western-filmen, For en neve dollar.

I 1980- og 1990-åra heldt Morricone fram å skrive musikk for filmane til Leone, som Ondt blod i Amerika (1984). Han komponerte òg musikk til Roland Joffé sin The Mission (1986), Brian De Palma sin De ubestikkelige (1987) og Giuseppe Tornatore sin Cinema Paradiso (1988). Av nyare filmar han har skrive musikk til finn ein Malèna (2000), Fateless (2005), Baaria - La porta del vento (2009) og The Best Offer (2013).

Morricone har vunne to Grammyprisar, to Golden Globe, fem BAFTA-prisar frå 1979–1992, sju David di Donatello, åtte Nastro d'Argento og Polar Music Prize i 2010. I 2007 fekk han Oscars ærespris «for hans praktfulle og mangefasetterte bidrag til kunstforma filmmusikk» og har i tillegg vore nominert til ytterlegare fem Oscarprisar for beste filmmusikk mellom 1979 og 2001, men har aldri vunne ein slik pris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. IMDb om Ennio Morricone
  2. «Ennio Morricone awards». IMDB. http://www.imdb.com/name/nm0001553/awards. Henta 21. november 2012. 
  3. «Ennio Morricone». classicfm.co.uk. http://www.classicfm.co.uk/music/composers/h-m/ennio-morricone/. Henta 21. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]