Erik Magnusson av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Magnusson av Sverige
Eric of Sweden (1282) seal 1905.jpg
Konge av Sverige
Regjeringstid1356-1359
(Medregent med Magnus Eriksson
Fødd1339
Død20. juni 1359
FøregangarMagnus Eriksson
EtterfølgjarHåkon Magnusson av Sverige
Gift medBeatrix av Bayern
DynastiFolkungaætten
FarMagnus Eriksson
MorBlanka av Namur

Erik Magnusson (133920. juni 1359) var konge av Sverige og herre over Skåne i tida 1344-1359.

Erik var son av kong Magnus Eriksson og soneson til hertug Erik Magnusson av Södermanland. Han vart vald til konge i 1344, berre fem år gamal, men vart samkonge først i 1356 etter eit opprør mot Magnus Eriksson.

I 1343 vart Erik og broren Håkon vald til tronarvingar av kongerika Sverige og Noreg. Håkon fekk den norske trona i 1355 og det leia til at unionen mellom dei to landa vart oppløyst.

Erik var gift med Beatrix av Bayern, dotter av den tyskromerske keisaren Ludvig IV av Bayern.

Han titulerte seg som «Wij Eriker medh Gudz nådhom Swia och Götha konunger, och herra öfuir Skånes landh».