Erkki Itkonen
| Erkki Itkonen | |||
| | |||
| Fødd | Erkki Itkonen 26. april 1913 Enare | ||
|---|---|---|---|
| Død | 28. mai 1992 Helsingfors | ||
| Nasjonalitet | Finland | ||
| Yrke | lingvist, filolog | ||
| Institusjonar | Helsingfors universitet | ||
| Barn | Esa Itkonen | ||
| Medlem | Göttingens vitenskapsakademi | ||
Erkki Itkonen (26. april 1913–28. mai 1992) var professor i finsk-ugrisk språkforsking ved Helsingfors universitet, og ein av 1900-talets mest sentrale, og den nest mest produktive utforskaren av samisk (etter Jussi Ylikoski). Itkonen doktorerte i 1939 på ei avhandling om vokalismen i dei austsamiske språka, på eit materiale som han hadde samla inn på granskingsferd til Enare. Den andre delen av dette arbeidet, som tok for seg kvantitet i austsamisk, kom i 1946. Erkki Itkonen var professor ved universitetet i Helsingfors frå 1956.
Som fennougrist var Itkonen mest oppteken av vokalhistorie. Faghistorisk spelte doktorgradsarbeidet hans ei sentral rolle: I ein strid mellom Arvid Genetz, E. N. Setälä og K. B. Wiklund på 1890-talet vann dessverre Setälä sin teori (all variasjon i moderne samisk går attende til ulike vokalar i urspråket) fram, og førte samisk språkhistorisk forsking inn i ei blindgate dei neste 40-50 åra. Itkonen kunne i 1937 vise at det var Genetz som hadde hatt rett heile tida, og at variasjonen i vokalismen i første staving i moderne samiske språk var avhengig av vokalismen i andre staving (for detaljar, sjå framstillinga i samisk lydhistorie).
Itkonen heldt seinare fram med dette temaet, og presenterte det som skulle bli standardsynet på vokalhistoria til marisk, mordvinsk og samisk for resten av hundreåret.
Itkonen arbeidde også som leksikograf, mellom anna som redaktør av dei to sentrale finske etymologiske ordbøkene, Suomen kielen etymologinen sanakirja 2-6 og Suomen sanojen alkuperä 1-2, men innanfor samisk var det største verket Inarilappisches Wörterbuch 1-4 (1957-1991).
Itkonen var redaktør i bladet Sápmelaš frå 1934 til 1966.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten](utval)
- Der Ostlappische Vokalismus vom qualitativen Standpunkt aus mit besonderer Berücksichtigung des Inari- und Skoltlappischen (1939)
- Struktur und Entwicklung der ostlappischen Quantitätssysteme (1946)
- Zur Frage nach der Entwicklung des Vokalismus der ersten Silbe in den finnisch-ugrischen Sprachen, insbesondere im Mordwinischen. Finnisch-ugrische Forschungen 29. (1946)
- Das Perfekt des Partizips im Lappischen SUST 98 (1950)
- Zur Geschichte des Vokalismus der ersten Silbe im Tscheremissischen und in den permischen Sprachen. Finnisch-ugrische Forschungen 31 (1953)
- Lappische chrestomathie (1960)
- Suomalais-ugrilaisen kielen- ja historiantutkimuksen alalta (1961)
- Kieli ja sen tutkimus (1968)
- Zur Fruhgeschichte der lappischen und finnischen Lokalkasus CIFU 2. (1968)
- Suomen kielen etymologinen sanakirja II-III (med Yrjö Henrik Toivonen och Aulis Joki)
- Inarilappisches Wörterbuch I-IV (1986-1991) (med Lea Laitinen)