Sápmelaš

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sápmelaš var eit nordsamiskspråkleg blad som kom ut i Finland frå 1934 til 2001, då det gjekk inn, etter økonomiske vanskar. Fram til 1995 vart Sápmelaš finansiert av den finske staten, deretter av det finske sametinget i seks år, til støtta heldt opp, og bladet gjekk inn.

Dei første redaktørane var Paavo Ravila (fram til 1943) og Erkki Itkonen (fram til 1950). Ingen av dei var samar sjølv, derimot var dei professorar i fennougristikk ved Universitetet i Helsingfors. Under desse to redaktørane var hovudvekta på folkeopplysning blant samane. Frå 1980 til 1998 var Jouni Kitti redaktør.

Spire Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.