Erlend Blaalid Oldeide
Erlend Blaalid Oldeide | |
Nasjonalitet | Noreg |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. mai 1984 (40 år) |
Organisasjon | NRK Vestland |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Erlend Blaalid Oldeide (fødd 28. mai 1984) er ein norsk journalist i avisa GD. Han er tidlegare programleiar i NRK Vestland.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Oldeide kjem frå Raudeberg i tidlegare Vågsøy kommune.[2] Han begynte i NRK som nynorskpraktikant frå Nynorsk mediesenter i 2006. Han har vore programleiar i radiosendingane i NRK Sogn og Fjordane og seinare NRK Vestland på NRK P1. Han har også vore programleiar i TV-distriktsnyheitene Vestlandsrevyen på NRK 1.
Oldeide har leia utspørjingar av førstekandidatane ved alle stortingsval og fylkestingsval i Sogn og Fjordane og Vestland frå 2009 til 2023.[3]
I 2019 vann han presseprisen frå Sogn og Fjordane journalistlag i kategorien open klasse for utspørjingane av listetoppane til fylkestingsvalet i Vestland same året.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Roger Aarli-Grøndalen. «Erlend Blaalid Oldeide er ny journalist i GD» (på norsk bokmål). Journalisten.no. Henta 25. desember 2023.
- ↑ Erlend Blaalid Oldeide i NRK.
- ↑ Pedersen, Kai Aage (2. september 2021), «(+) Når blir denne mannen oppdaga på Marienlyst?», Firda (på norsk), henta 15. november 2023
- ↑ Åsebø, Kjellrun (3. november 2021), «(+) Erlend stilte politikarane dei tøffe spørsmåla. Det har han no vunne pris for», fjt.no (på norsk), henta 15. november 2023
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Erlend Blaalid Oldeide i NRK.