Erling Lars Dale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Lars Dale
Fødd12. mars 1946
Ulvik
Død25. september 2011
Kongsvinger
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Erling Lars Dale (fødd 12. mars 1946 Ulvik, død 25. september 2011) var ein norsk professor i pedagogikk ved Pedagogisk Forskningsinstitutt ved Universitetet i Oslo (sidan 1993). Dale var frå Ulvik herad i Hardanger.[1][2]

Dale tok magistergraden i pedagogikk i 1974 og vart tilslutta instituttet i 1976, tok doktorgrad i 1987 og vart professor i 1995. Han var særleg oppteken av didaktikk, pedagogiske grunnlagsproblem, skuleutvikling og -vurdering, lærarrolla og yrkesetikk. Ei tid var han amanuensis og fyrsteamanuensis i sosialpedagogikk ved UiO.

Han skreiv ei rekkje bøker om faget sitt. Den fyrste, Pedagogikk og samfunnsforandring, er frå 1972. Seinare skreiv mellom anna De strategiske pedagoger – pedagogikkens vitenskapshistorie i Norge (1999), Rom for alle, blikk for den enkelte (2004) og Vurdering og læring i en elevaktiv skole (2006).

Dale døydde på Kongsvinger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. https://snl.no/Erling_Lars_Dale
  2. http://www.uv.uio.no/om/aktuelt/aktuelle-saker/fakultet/2011/erlinglarsdale.html