Ernst G. Mortensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernst G. Mortensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. september 1887
Christiania
Død

13. oktober 1966 (79 år)
Oslo

Yrke forleggjar

Ernst Gustav Mortensen (17. september 188713. oktober 1966) var ein norsk forlagsmann frå Oslo, landskjend for å ha starta opp mange suksessrike vekeblad.

Etter å ha studert brevskular i USA i 1911 starta han i 1914 Norsk Korrespondanseskole, eit firma han var direktør i til 1961. Gjennom iherdig innsats voks undervisningstiltaket mykje, og ved 50-årsjubileet uttalte han at over ein million menneske hadde vore innom som elev.

Mortensen grunnla i 1928 Nasjonalforlaget og gav ut både billegbøker og 1931-34 seksbandsverket Kringla Heimsins redigert av Wollert Keilhau. I 1933 byrja Mortensen å gje ut Norsk Ukeblad, ein publikasjon i moderne djuptrykk. Sidan starta han opp Norsk Dameblad i 1938, Vi Menn i 1951 og Det Nye i 1957. Frå 1941 dreiv han Ernst G. Mortensens Forlag, og samla bladutgjevingane i dette forlaget i 1958.

Han var far til toneskaparen Finn Mortensen, og sjølv ein mangeårig aktiv musikar i Oslo Handelsstands Forenings Orkester på fritida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]