Hopp til innhald

Eschweiler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eschweiler
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Köln
Landkreis Aachen
Høgd 110–262 m
Areal 75,75 km²
Folketal 56 132 (31. desember 2023)
Postnummer 52249
Retningsnummer 02403
Bilnummer AC
Kart
Eschweiler
50°49′00″N 6°17′00″E / 50.816666666667°N 6.2833333333333°E / 50.816666666667; 6.2833333333333
Wikimedia Commons: Eschweiler

Eschweiler er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 55 000 innbyggjarar og ligg i kreisen Aachen ved elva Inde. Han har ein lang tradisjon som industriby.

Eschweiler ligg om lag 15 km aust for Aachen og 50 km vest for Köln.

Bydelar i Eschweiler er Altstadt, Aue, Bergrath, Bohl, Dürwiß, Fronhoven, Hastenrath, Hehlrath, Hücheln, Kinzweiler, Neu-Lohn, Nothberg, Ost, Pumpe-Stich, Röhe, Röthgen, Scherpenseel, Siedlung Waldschule, St. Jöris, Vöckelsberg, Volkenrath, Weisweiler og Wilhelmshöhe.

Borg Kambach i Eschweiler.

Keltarane dreiv drift etter jernmalm og romarane bygde vegar og «villae rusticae» i området i antikken. Eschweiler vart derimot først nemnd i 828 av Einhard, biografen til Karl den store. I 1394 vart gruvedrift etter kol nemnd for første gong. I nokre hundreår var byen ein del av hertugdømet Jülich. Heile byen, bortsett frå eit hus og den verdifulle Pietà. I 1794 vart byen ein del av Frankrike, og i 1800 fekk byen franske kommunerettar og vart administrasjonssete i kantonen Eschweiler i departementet Roer.

Etter Napoelon sitt fall gjekk byen til Preussen i 1816. Dei franske kantonane Burtscheid og Eschweiler vart slått saman til den prøyssiske kreisen Aachen, og i 1858 fekk Eschweiler prøyssiske kommunerettar. Bydelane Hehlrath, Kinzweiler og St. Jöris vart avstått for å danne den nye kommunen Kinzweiler. I 1932 vart Hastenrath og Nothberg ein del Eschweiler. I 1944, under den andre verdskrigen, vart byen hardt råka, og den siste kolgruva vart fylt med vatn og aldri opna igjen. Etter krigen vart han ein del av den nye delstaten Nordrhein-Westfalen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Eschweiler