Aachen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aachen
Horisonten til Aachen
Horisonten til Aachen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Aachen
Aachen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Münster
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

160,83 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

258 770
  1 609/km²
Koordinatar 50°46′0″N 6°6′0″EKoordinatar: 50°46′0″N 6°6′0″E
Høgd over havet 125-410 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 52062-52080
Telefon-retningsnummer 0241
Bilnummer AC
Heimeside: www.aachen.de

Aachen (nederlandsk Aken, fransk Aix-la-Chapelle, latin Aquisgranum) er ein by og kurstad i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen på grensa til Belgia og Nederland. Byen ligg 65 km vest for Köln og er den vestlegaste byen i Tyskland.

Rheinisch-Westfälische Technische Hochschule er ein av dei viktigaste studiestadene for tekniske studiar. Ein heil industri av programvare- og maskinvareprodusentar har vakse opp rundt dette universitetet.

Domkyrkja er den største attraksjonen i byen, og står mellom anna på UNESCO si verdsarvliste.

Den internasjonale Karlsprisen vert delt ut i Aachen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja i Aachen
Kart over Aachen

Romarane kalla dei varme svovelkjeldene på staden Aquis-Granum. Det finst fleire teoriar om namnet Granum, men det er no allment akseptert at det kjem av den keltiske guden for vatn og helse.

Etter romartida vart forlate inntil nærmare 800-talet, då han vart nemnd under namnet Aquis villa. I 768 kom Karl den store til Aachen for første gong. Han likte staden og bygde eit slott der tjue år seinare. Aachen vart så hovudstaden i Karl den store sitt rike. Slottskapellet vart seinare til domkyrkja i Aachen. Karl den store var her mesteparten av vintrane mellom 800 og til han døydde i 814. Han vart òg gravlagd her.

I 936 vart Otto I krona til konge i domkyrkja i Aachen. Frå då av og 600 år framover vart dei tysk-romerske keisarane krona i denne kyrkja. Den siste keiserkroninga var Ferdinand I si kroning i 1531. I mellomalderen var Aachen ein av de største byane i Det tysk-romerske riket, der han var ein fri keisarby. Etter trettiårskrigen vart byen mindre viktig.

I 1880 hadde Aachen 80 000 innbyggjarar og var eit jernbaneknutepunkt. Byen vart hardt råka under den andre verdskrigen. 21. oktober 1944 vart Aachen den første tyske byen som vart erobra av allierte troppar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aachen