Esefjorden
Hopp til navigering
Hopp til søk

Fotografi teke frå fjellet på austsida av Fjærlandsfjorden. Esefjorden går inn mellom neset med Dragsvik og kommuneseneteret Holmen.
Foto: Per Olav Bøyum
Esefjorden er ein fjordarm av Sognefjorden på nordsida av fjorden i Sogndal kommune. Fjorden har ei lengd på 4 km og ligg ved sjølve tettstaden Balestrand.
Fjorden har innløp mellom Munken i Balestrand i sør og garden Tjugum på nordsida. Frå her går fjorden nordvestover. Grenda Ese, som fjorden er kalla opp etter, ligg på sørsida om lag halvvegs inn i fjorden. Inst i fjorden ligg Esebotn.
Dragsvik ligg like utanfor innløpet til fjorden og har ferjesamband til Hella og Vangsnes.
Riksveg 55 går langs heile fjorden.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Kart på Google Maps