Fjærlandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 61°18′20″N 6°40′44″E

Fjærlandsfjorden
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sogndal
Kart
Fjærlandsfjorden
61°18′20″ N 6°40′44″ E
Wikimedia Commons: Fjærlandsfjorden
Fjærlandsfjorden. Fotografiet er teke frå Riksveg 5 ved garden Berge på austsida av fjorden, med utsyn utover fjorden.

Fjærlandsfjorden er ein 27 km lang fjordarm av Sognefjorden på nordsida av fjorden i Sogndal kommune som går inn til Fjærland

Fjærlandsfjorden framstilt av Bernt Lund (1812-1885) kring 1848.

Fjorden har innløp mellom Veganeset ved Dragsvik i vest og Hella i aust. Mellom Dragsvik og Hella er det ferjesamband. Frå begge stader går det òg ferjer sør til Vangsnes. Om sommaren går det ferje innover Fjærlandsfjorden frå Balestrand.

Fire km inn i fjorden går Vetlefjorden nordover, medan Fjærlandsfjorden held fram nordaustover. Store delar av fjorden er utan vegsamband, men frå Raudboti og grenda Jordal på vestsida går det veg nordover. Litt lenger inn i fjorden ligg gardane Distad og Hatlestad på vestsida og Bjåstad og Berge på austsida. Riksveg 5 går mellom desse to gardane på austsida i ein opning mellom tunnelane Frudalstunnelen (6,7 km) som går vidare søraustover og den 2,6 km lange Bergstunnelen som går nordover til botn av fjorden.

Bygda Mundal ligg 2 km frå botn av fjorden på vestsida. Inst i fjorden ligg Norsk bremuseum og Jostedalsbreen ligg 7 km lenger nord.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fjærlandsfjorden