Etne Sparebank
| Etne Sparebank | |||
| Org.form | Sparebank | ||
|---|---|---|---|
| Org.nr. | 937 897 464 | ||
| Bransje | Finans | ||
| Skipa | 18. april 1860 | ||
| Nedlagd | 2022 | ||
| Hovudkontor | Etne, Noreg | ||
| Land | Noreg | ||
| Produkt | Bank, sparing, forsikring | ||
| Styreleiar | Tollef Rullestad | ||
| Adm.dir. | Rune Ramsvik | ||
| Tilsette | 18 | ||
| Nettstad | https://etne-sparebank.no (norsk) | ||
Etne Sparebank har ei lang historie. Planen for Etne Sparebank vart stadfesta ved kgl. res. 18.april 1860. Banken feira 150 års jubileum i 2010. I 1860 vart det valt inn bønder frå dei ulike sokn i Etne til styret. Ein skulelærar/klokkar vart tilsett som kasserar. Etter kvart fekk banken vera med på å gjera det lettare for næringslivet og dermed skape framgang i bygda. Banken har på svært mange måtar vore ein viktig del av historia til Etne og alle som har budd og som bur der.
Eit av føremåla til banken er å gi ålmennyttige gåver. Først og fremst gjennom direkte kronebidrag til ulike lag og forreningar i kommunen.
Etne Sparebank har alltid vore ein sjølvstendig bank. I strategiplanen til banken står det: ”Etne Sparebank skal vera ein solid, stabil og konkurransedyktig medspelar i lokalsamfunnet”