Etterklangstid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fig. 1 Etterklangskurve.

Etterklangstid () er ei parameter som vert nytta som eit mål på etterklangen i rom, som konsertsalar, auditorium, etc., men òg i andre rom der ein lyttar til musikk eller tale. Ein eksiterer då rommet med akustisk energi og måler kor lang tid det tek før lydintensiteten har falle med 60 dB, som tilsvarar ein faktor på . Etterklagstida vert difor ofte kalla . I praksis er det lydtrykket som vert målt; 60 dB tilsvarar då ein faktor på .

Fig. 1 framstiller lydtrykknivået som funksjon av tid t. Nivået er normalisert, slik at ein startar med eit nivå på 0 dB. Eksitasjonssignalet vert stengt av ved tidspunktet og er det tidspunktet lydtrykksnivået er redusert med -60 dB. Etterklangstida er da definert som

Fig. 1 syner at etterklangskurva er lineær. I praksis er ikkje det alltid tilfelle, men det er nyttig å framstilla kurva slik for å syna prinsippet.

Bereging av etterklanhstida[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire metodar for å beregna etterklangstida i «store rom».

Sabin-formelen[endre | endre wikiteksten]

Den eldste metoden er Sabin sin formel[1]:

der er volumet til rommet (i m), er arealet av alle flatene i rommet (i m) og er gjennomsnittsverdien av absorpsjonskoeffisienten til flatene i rommet. Formelen til Sabin kan òg uttrykkast

der 'A' er absorbsjonsarealet. Formelen til Sabin er berre brukbar når . Han forekjem likevel i fleire standardar.

Norris-Eyring-formelen[endre | endre wikiteksten]

Norris-Eyring-formelen,

gir fornuftige verdiar for , sjølv for store verdiar av . For små verdiar av gir han same som formelen til Sabin.

Millington-Settes-formelen[endre | endre wikiteksten]

Millington-Settes-formelen er enda ein måte å rekna ut på:

Millington-Settes-formelen stemmer betre med målingar enn Norris-Eyring-formelen i rom med stor absorpsjonskoeffisient.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vigran, T.E., Bygningsakustikk - et grunnlag, Tapir akademisk forlag, 2002.